e-Boks sine retningslinjer for personvern

1. e-boks som behandlingsansvarleg

2. Kategoriar av registrerte, typar personopplysningar, formål, rettsleg grunnlag for behandlinga

3. Mottakarar eller kategoriar av mottakarar

4. Overforing til mottakarar i tredjeland, inkludert internasjonale organisasjonar

5. Oppbevaring av personopplysningar

6. Rettane dine

7. Endring av retningslinjer for personvern

1. e-Boks som behandlingsansvarleg

Desse retningslinjene for personvern forklarar korleis e-Boks som behandlingsansvarleg behandlar personopplysningar om deg som

  • er ein privat sluttbrukar som har digital postkasse og som får digitale meldingar («privat sluttbrukar»)
  • er tilsett i ei verksemd som har digital postkasse, og som får digitale meldingar («sluttbrukarverksemd»)
  • er tilsett i ei verksemd eller ei eit offentleg organ som sender post til private sluttbrukarar og/eller sluttbrukarverksemder («avsendarkundar»)
  • får nyheitsbrev eller deltar på eit nettseminar
  • deltar på eit arrangement
  • deltar i ei brukarundersøking
  • er kontaktperson hos ein av samarbeidspartnarane til e-Boks

Ver klar over at e-Boks ikkje er behandlingsansvarleg for innhaldet i den digitale postkassa. Dette omfattar meldingar frå/til private sluttbrukarar eller sluttbrukarverksemder. e-Boks er derfor ikkje behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla, lagra og viste i den digitale postkassen. e-Boks er dermed berre behandlingsansvarleg for opplysningar som gjeld administrasjon av den digitale postkassa. Dette omfattar for eksempel påloggingsinformasjon og informasjon om aktivitetar i den digitale postkassa di – sjå forklaringa under.

1.1 Innhaldet i digitale postkassar hos verksemder

Verksemda er som sluttbrukar behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla og lagra i verksemda si digitale postkasse, og e-Boks er databehandlar for verksemda. e-Boks handlar på instruks frå verksemda, og forholdet er regulert av artikkel 28 i personvernforordninga, inkludert brukarvilkåra for verksemder. Viss de som ei verksemd har spørsmål om innhaldet i den digitale postkassa, kan de kontakte avsendaren som har sendt meldingane, for eksempel eit offentleg organ eller ei verksemd.

1.2 Innhaldet i digitale postkassar hos privatpersonar

Innhaldet, det vil seie meldingane, i den digitale postkassa til ein privat sluttbrukar er ikkje omfatta av personvernforordninga, fordi behandlinga skjer som eit ledd i reint personlege aktivitetar hos den private sluttbrukaren. e-Boks er derfor verken behandlingsansvarleg eller databehandlar for behandling av personopplysningar i meldingar i digitale postkassar hos private sluttbrukarar. Forholdet mellom e-Boks og ein privat sluttbrukar blir styrt av vilkåra for bruk av den private sluttbrukaren. Viss du som privat sluttbrukar har spørsmål om innhaldet i den digitale postkassa, kan du kontakte avsendaren som har sendt deg meldingane, for eksempel eit offentleg organ eller ei verksemd.

1.3 Slik kan du kontakte oss

Du må gjerne kontakte oss eller personvernombodet vårt viss du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane dine, eller viss du ønskjer å utøve ein av rettane dine.

Kontaktopplysningar for e-Boks:

e-Boks Nordic A/S
Hans Bekkevolds Allé 7
DK-2900 Hellerup

CVR-nr.: 25674154

Telefon: + 45 70 21 24 00

Du kan også kontakte personvernombodet (DPO) viss du har spørsmål om behandling av personopplysningane dine, via e-post DPO-team@e-boks.dk eller telefon 70 21 24 00.

2. Kategoriar av registrerte, typar personopplysningar, formål og rettsleg grunnlag for behandlinga

2.1 Private sluttbrukarar

Når det gjeld sjølve administrasjonen av den digitale postkassa og den kommersielle visningsklienten, vil e-Boks som behandlingsansvarleg behandle fleire generelle personopplysningar om deg, for eksempel:

  • innloggingsopplysningar
  • opplysningar du har lagt inn i systema våre, osv., for eksempel betalingsopplysningar og opplysningar relaterte til spørsmål om brukarstøtte
  • opplysningar om kommunikasjonen du har med e-Boks
  • opplysningar om aktivitetar i den digitale postkassa
  • kontaktopplysningar, inkludert namn, e-postadresse, adresse
  • øvrige identifikasjonsopplysningar, inkludert personnummer
  • opplysningar om operativsystemet på datamaskinen og mobiltelefonen og liknande, inkludert den valde nettlesaren og IP-adressa

e-Boks behandlar personopplysningane dine som ein del av verksemda, inkludert:

  • for å kunne stille tenester/produkt frå e-Boks til rådvelde
  • til administrative formål, inkludert kommunikasjon med avsendarkundar, sluttbrukarar og andre interessentar osv.
  • for å kunne gi brukarstøtte
  • til anonymisert statistikk og analyse
  • til produktutvikling og forbetring av e-Boks sine tenester

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • Vi behandlar personnummeret ditt på grunnlag av forutgåande samtykke, jf personopplysningsloven § 12 og artikkel 6, nr. 1 bokstav a i personvernforordninga, fordi det er nødvendig for å kunne administrere den digitale postkassa, inkludert å sikre at posten din endar opp hos deg.
  • Då du registrerte deg, aksepterte du brukarvilkåra våre, og behandling av personopplysningane dine er derfor også nødvendig for at vi skal kunne oppfylle avtalen vår med deg, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1, bokstav b. Dette gjeld blant anna påloggingsopplysningar, brukarnummer, digital signatur, opplysningar du sjølv har lagt inn i systema våre, identifikasjons- og kontaktopplysningar, opplysningar om kommunikasjon du har hatt i e-Boks og aktivitetar i den digitale postkassa di.
  • Under spesielle forhold kan vi behandle opplysningar for å forfølgje ei legitim interesse, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Legitime interesser som underbyggjer behandlinga, kan mellom anna omfatte ei forbetring av tenestene våre, svar på meldingar frå deg eller liknande.

2.2 Kontaktpersonar/medarbeidarar i verksemder som har digital postkasse (sluttbrukarverksemder)

e-Boks behandlar fleire vanlege personopplysningar om deg, for eksempel:

  • namn
  • opplysningar om kven arbeidsgivaren din er (verksemda som har ei digital postkasse)
  • kontaktopplysningar, inkludert e-post og telefonnummer
  • opplysningar om aktivitetar i den digitale postkassa
  • innloggingsopplysningar
  • opplysningar om operativsystemet på datamaskinen og mobiltelefonen og liknande, inkludert den valde nettlesaren og IP-adressa

e-Boks behandlar personopplysningane dine som ein del av verksemda, inkludert:

  • for å kunne stille tenester/produkt frå e-Boks til rådvelde for arbeidsgjevaren din
  • til administrative formål, inkludert kommunikasjon med arbeidsgivaren din
  • for å kunne gi brukarstøtte

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • Viss du er kontaktperson i ei verksemd som er kunde hos oss, behandlar vi kontaktopplysningane dine for å følgje opp ei legitim interesse av å kunne oppfylle kontrakten med verksemda du er tilsett i, inkludert å tilby tenestene våre, administrative formål i samband med dette samt støtte og forbetring av e-Boks sine tenester, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.
  • I visse tilfelle er behandlinga av personopplysningane dine nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt e-Boks er blitt pålagd, f.eks. når det gjeld oppbevaring av rekneskapsmateriale i samsvar med den danske bokføringsloven. I slike tilfelle er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

2.3 Kontaktpersonar/medarbeidarar hos avsendarkundar

e-Boks behandlar fleire generelle personopplysningar om deg som er tilsett i ei verksemd eller eit offentleg organ som sender post til private sluttbrukarar og/eller sluttbrukarverksemder, som:

  • namn
  • informasjon om kven arbeidsgivaren din er (verksemd / offentleg organ som sender posten)
  • kontaktopplysningar, inkludert e-post og telefonnummer

e-Boks behandlar personopplysningane dine som ein del av verksemda, inkludert:

  • for å kunne stille tenester/produkt frå e-Boks til rådvelde for arbeidsgjevaren din
  • til administrative formål, inkludert kommunikasjon med arbeidsgivaren din
  • for å kunne gi brukarstøtte
  • til anonymisert statistikk og analyse
  • til produktutvikling og forbetring av e-Boks sine tenester

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • Viss du er kontaktperson i ei verksemd / eit offentleg organ som sender post vi a tenestene våre, behandlar vi kontaktopplysningane dine for å følgje opp ei legitim interesse av å kunne oppfylle kontrakten med verksemda / det offentlege organet du er tilsett i, inkludert å tilby tenestene våre, administrative formål i samband med dette samt støtte, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.
  • I visse tilfelle er behandlinga av personopplysningane dine nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt e-Boks er blitt pålagd, f.eks. når det gjeld oppbevaring av rekneskapsmateriale i samsvar med den danske bokføringsloven. I slike tilfelle er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

2.4 Mottakarar av nyheitsbrev og deltakarar på nettseminar

Viss du har meldt deg på nyheitsbrevet, behandlar vi følgjande personopplysningar om deg for å kunne sende deg nyheitsbrev:

  • namn
  • e-post

Viss du får nyheitsbrevet vårt Digital Dialog, behandlar vi dessutan følgjande personopplysningar om deg for å kunne sende deg nyheitsbrev:

  • informasjon om kva for bransje/sektor du er tilsett i

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • samtykket, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a saman med marknadsføringsloven § 15 første ledd.

Dersom du har meldt deg på eit nettseminar, vil e-Boks behandle følgjande personopplysningar om deg for å administrere og følgje dei opp på nettseminaret, inkludert marknadsføre eigne produkt og tenester i tillegg til produkt og tenester frå samarbeidspartnarar:

  • namn
  • e-post
  • opplysningar om arbeidsgivar
  • opplysningar om jobbnivå
  • opplysningar om kva for nettseminar du har deltatt på

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • samtykket, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a saman med marknadsføringsloven § 15 første ledd.

2.5 Deltakarar på arrangement

Dersom du skal delta på eit av arrangementa våre, vil e-Boks behandle følgjande personopplysningar om deg for å administrere og følgje dei opp på arrangementa, inkludert marknadsføre eigne produkt og tenester i tillegg til produkt og tenester frå samarbeidspartnarar:

  • namn
  • e-post
  • opplysningar om arbeidsgivar
  • opplysningar om jobbnivå
  • informasjon om kva for arrangement du har deltatt på

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • samtykket, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a saman med marknadsføringsloven § 15 første ledd.

2.6 Deltakarar i brukarundersøkingar

Viss du gir samtykke til å delta i ei brukarundersøking, vil vi registrere følgjande personopplysningar om deg for å fullføre undersøkinga og til slutt utvikle og optimalisere produkta og tenestene våre:

  • namn
  • e-post
  • opplysningar om arbeidsgivar
  • opplysningar om jobbnivå
  • informasjon om du er brukar av produkt og tenester frå e-Boks, og i så fall kva for nokon
  • svar og tilbakemeldingar i brukarundersøkinga, som varierer avhengig av den spesifikke brukarundersøkinga og tilhøyrande formål

e-Boks behandlar personopplysningane dine basert på følgjande rettsgrunnlag:

  • Den legitime interessa for e-Boks når det gjeld å gjennomføre tilfredsheitsundersøkingar og utvikle og optimalisere produkt og tenester, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Dersom det er særskilt nødvendig for å gjennomføre undersøkinga, vil e-Boks innhente samtykke frå deg, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a.

2.7 Kontaktpersonar hos samarbeidspartnarar

Som kontaktperson hos leverandørar, forretningskontaktar eller andre samarbeidspartnar vil e-Boks behandle følgjande personopplysningar om deg når du kommuniserer med oss, f.eks. når det gjeld e-Boks sitt avtaleforhold med verksemda eller det offentlege organet du er tilsett hos, i samband med å inngå eller seie opp ein avtale, eller dersom du på vegne av verksemda eller det offentlege organet du er tilsett hos, brukar det elektroniske kontaktskjemaet for å kommunisere med oss:

  • namn
  • opplysningar om arbeidsgivaren din
  • kontaktopplysningar, inkludert e-post og telefonnummer
  • stillingstittel
  • arbeidsstad

e-Boks behandlar personopplysningar om deg som ein del av verksemda, inkludert:

  • for å kunne stille tenester/produkt frå e-Boks til rådvelde for arbeidsgjevaren din
  • til administrative formål, inkludert kommunikasjon med arbeidsgivar om samarbeidet eller det å inngå eller avslutte eit samarbeid

e-Boks behandlar personopplysningar om deg basert på følgjande rettslege grunnlag:

  • Viss du er kontaktperson hos ein samarbeidspartnar eller potensiell framtidig forretningspartnar, behandlar vi kontaktopplysningane dine for å forfølgje ei legitim interesse om å kunne kommunisere med forretningspartnaren vår, inkludert om å inngå ein kontrakt og gjennomføre kontrakten, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Dei legitime interessene e-Boks vil jobbe med, er å oppfylle kontraktsrettslege plikter, halde fast ved og styrke samarbeidsrelasjonar, fakturere tenester levert av verksemda / det offentlege organet du er tilsett i og omvendt, samt ta omsyn til dokumentasjon.
  • I visse tilfelle er behandlinga av personopplysningane dine nødvendig for å oppfylle ei rettsleg plikt e-Boks er blitt pålagd, f.eks. når det gjeld oppbevaring av rekneskapsmateriale i samsvar med den danske bokføringsloven. I slike tilfelle er det rettslege grunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

3. Mottakarar eller kategoriar av mottakarar

e-Boks behandlar personopplysningane dine konfidensielt, men vi kan utlevere dei til følgjande tredjepartar:

  • konsernrelaterte selskap
  • registrerte offentlege organ og verksemder som avsendarar
  • e-Boks sine samarbeidspartnarar, f.eks. der dette er nødvendig for å kunne tilby deg e-Boks Plus-tenester eller for å sende deg marknadsføring om produkt og tenester

Utlevering vil alltid vere i samsvar med gjeldande lov, og mottakarar er juridisk forplikta til å behandle personopplysningane dine på ein trygg og fortruleg måte.

Utlevering til konsernrelaterte selskap skjer på grunnlag av ei legitim interesse i å kunne dele slike opplysningar internt i konsernet, og alltid berre når det blir vurdert som konkret nødvendig, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.

Vi utleverer personopplysningar om deg til registrerte offentlege organ og verksemder som avsendarar fordi det er nødvendig for å oppfylle kontrakten vår med deg om å levere tenester til deg, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

Utlevering til samarbeidspartnarar med eit formål om å tilby ein e-Boks Plus-teneste er basert på samtykket du har gitt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a eller (viss det er snakk om personnummer) jf. personopplysningsloven § 12 og artikkel 6, nr. 1 bokstav a i personvernforordninga. Utlevering til samarbeidspartnarar med omsyn til marknadsføring, f.eks. som oppfølging etter eit nettseminar eller arrangement, skjer på tilsvarande måte basert samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, saman med marknadsføringsloven § 15, første ledd. Du vil alltid bli informert om kva for opplysningar som skal bli utleverte før du gir samtykke til at dei blir utleverte.

I visse situasjonar kan e-Boks få pålegg frå rettshandhevande myndigheiter til å utlevere personopplysningar om private sluttbrukarar. En slik utlevering vil skje med hensyn til å oppfylle en juridisk plikt i samsvar med artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Vi utleverer også personopplysningane dine til IT-leverandørar og tredjepartar som behandlar opplysningane dine på våre vegne (databehandlarar), inkludert for eksempel vertstenester og utsending av nyheitsbrev. Desse partane behandlar personopplysningane dine i samsvar med instruksjonane våre, og dei kan derfor ikkje behandle personopplysningane dine til eigne formål.

4. Overføring til mottakarar i tredjeland, inkludert internasjonale organisasjonar

Personopplysningane dine kan bli overførte til tredjeland, dvs. land utanfor EU/EØS, f.eks. når det gjeld bruk av databehandlarar lokalisert i eit tredjeland eller som bruker underdatabehandlarar lokalisert i eit tredjeland. Viss vi overfører personopplysningane dine til mottakarar i tredjeland, vil vi på førehand sørge for at overføringa skjer i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgivinga. Dette betyr at ein mottakar av personopplysningane dine som ikkje er heimehøyrande i EU/EØS, vil sikre eit tilstrekkeleg nivå for vern, f.eks. ved å inngå en avtale med e-Boks om bruk av standard kontraktsklausular frå EU-kommisjonen eller ved å bli sertifisert av en kjend overføringsmekanisme som gir tilstrekkeleg vern. I den graden fleire vernetiltak blir sett på som spesielt nødvendige, vil dei bli etablerte før overføring. Du kan få meir informasjon om det konkrete overføringsgrunnlaget ved å bruke kontaktinformasjonen over.

5. Oppbevaring av personopplysningar

Vi tar berre vare på personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å oppfylle formåla som er skildra over, og/eller i samsvar med krav i gjeldande lovverk.

Private sluttbrukarar

  • Kontoen (namn, adresse, personnummer, e-post, telefonnummer, brukarnummer) blir sletta når brukaren slettar kontoen sin sjølv eller når brukaren har vore inaktiv i 10 år (dvs. ved inga pålogging i 10 år og der post ikkje er sendt eller mottatt i 10 år).
  • Kontoen vil også bli sletta dersom ein nær slektning kontaktar e-Boks, og sluttbrukaren har vore registrert som død i 5 år.

Kontaktpersonar/medarbeidarar i verksemder som har ei digital postkasse

  • Kontoen til verksemda, inkludert personopplysningane dine, blir sletta når verksemda slettar kontoen sin sjølv eller når verksemda har vore inaktiv i 10 år (dvs. ved inga pålogging i 10 år, og der post ikkje er sendt eller mottatt i 10 år).
  • Dersom personopplysningane dine inngår i e-Boks sitt rekneskapsmateriale, f.eks. på grunn av fakturering, vil personopplysningane dine bli lagra i 5 år frå utgangen av det rekneskapsåret rekneskapsmaterialet gjeld for. Formålet med dette er å rette seg etter rettslege plikter i samsvar med den danske bokføringsloven, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Kontaktpersonar/medarbeidarar hos avsendarkundar

  • Personopplysningar om kontaktpersonar vil bli sletta når det ikkje lenger er nødvendig å lagre dei for å dokumentere korrespondanse med avsendarkunden. Personopplysningar om bruken av kontoen til avsendarkunden vil bli sletta når avsendarkunden slettar informasjonen sjølv, eller 5 år etter at kontrakten er avslutta.
  • Dersom personopplysningane dine inngår i e-Boks sitt rekneskapsmateriale, f.eks. på grunn av fakturering, vil personopplysningane dine bli lagra i 5 år frå utgangen av det rekneskapsåret rekneskapsmaterialet gjeld for. Formålet med dette er å rette seg etter rettslege plikter i samsvar med den danske bokføringsloven, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Mottakarar av nyheitsbrev og deltakarar på nettseminar:

  • Personopplysningar om nyheitsbrevprofilen din blir lagra til du trekkjer tilbake samtykket du har gitt og ikkje lenger ønskjer å få nyheitsbrev frå oss.
  • Personopplysningar om deltaking på eit nettseminar vil bli lagra fram til nettseminaret er over og det er svart på eventuelle oppfølgingsspørsmål. Samtykket du har gitt om å ta imot marknadsføring, som blei gitt då du melde deg på nettseminaret, vil bli oppbevart fram til du trekkjer tilbake samtykket du har gitt.

Deltakarar på arrangement:

  • Personopplysningar om deltaking på arrangement blir lagra fram til arrangementet finn stad og i ein periode etterpå for oppfølging. Samtykket du har gitt om å ta imot marknadsføring, som blei gitt då du melde deg på arrangementet, vil bli oppbevart fram til du trekkjer tilbake samtykket du har gitt.

Deltakarar i brukarundersøkingar:

  • Personopplysningar du har gitt i ei brukarundersøking vil bli sletta eller anonymisert så snart brukarundersøkinga er endeleg gjennomført og evaluert.

Kontaktpersonar hos samarbeidspartnarar:

  • Vi behandlar personopplysningar om deg så lenge e-Boks kommuniserer med deg, fordi du er kontaktpersonen hos ein samarbeidspartnar eller potensiell framtidig samarbeidspartnar og i inntil 3 år etter at kontraktforhaldet er avslutta, eller til personopplysningane dine ikkje lenger er nødvendige for å etablere, gjere gjeldande eller forsvare rettslege krav.
  • Dersom personopplysningane dine inngår i e-Boks sitt rekneskapsmateriale, f.eks. på grunn av fakturering, vil personopplysningane dine bli lagra i 5 år frå utgangen av det rekneskapsåret rekneskapsmaterialet gjeld for. Formålet med dette er å rette seg etter rettslege plikter i samsvar med den danske bokføringsloven, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

6. Rettane dine

Med dei avgrensningane og unntaka som kjem av personvernforordninga og personopplysningsloven, har du fleire rettar når det gjeld behandlinga vår av personopplysningane om deg.

Rett til å sjå og få opplysningar (innsynsrett)
Du har rett til å be om innsyn i personopplysningane,, inkludert utlevering av ein kopi av personopplysningane vi behandlar om deg, og dermed også retten til å ta imot fleire tilleggsopplysningar og stadfesting på at vi behandlar personopplysningar om deg.

Rett til retting (korrigering)
Du har rett til å be om at personopplysningar om deg sjølv som er feil, blir korrigerte, samt rett til å be om at ufullstendige personopplysningar blir kompletterte.

Rett til sletting
Du har rett til å be om å få personopplysningar om deg sjølv sletta under visse forhold, for eksempel viss behandlinga er basert på eit uttrykkjeleg samtykke og du trekkjer tilbake samtykket du gav.

Rett til avgrensing av behandling
Du har rett til å be om avgrensing av behandlinga av personopplysningane dine, for eksempel når det gjeld å ikkje godta kor nøyaktige personopplysningane er.

Rett til å protestere
Du har rett til å protestere mot behandlinga vår av personopplysningane dine hos oss, spesielt når det gjeld direkte marknadsføring.

Rett til å overføre opplysningar (dataportabilitet)
Når behandlinga vår blir utført automatisk og er basert på samtykket du har gitt eller via gjennomføring av ein avtale med deg, har du rett til å be om å ta imot personopplysningane du sjølv har gitt oss i eit strukturert, vanleg og maskinleseleg format og retten til å be om at desse personopplysningane blir overførte til ei anna behandlingsansvarleg verksemd viss dette er teknisk mogleg.

Retten til ikkje å bli underlagt ei automatisk avgjerd
Du har rett til å be om at du ikkje vil vere gjenstand for ei avgjerd basert utelukkande på automatisk behandling, inkludert profilering, som gir rettsverknader eller på tilsvarande måte påverkar deg i stor grad.

Rett til å trekkje samtykket ditt tilbake
Viss du har gitt samtykke til behandlinga av personopplysningane dine, har du rett til å trekkje tilbake samtykket ditt når som helst. Viss du trekkjer tilbake samtykket ditt, vil ikkje dette påverke behandlinga av personopplysningane dine som fann stad før tilbaketrekkinga av samtykket.

Rett til å klage
Du har rett til å klage til Datatilsynet viss du er ueinig i måten vi behandlar personopplysningane dine på. Du kan kontakte Datatilsynet på www.datatilsynet.no. Men vi håpar at du først vil kontakte oss, slik at vi kan få svare på spørsmåla dine når det gjeld behandlinga av personopplysningane dine.

7. Endring av retningslinjer for personvern

Desse retningslinjene for personvern erstattar alle tidlegare versjonar. Det vil være nødvendig å kontinuerleg oppdatere og endre desse retningslinjene, og vi tar derfor atterhald om retten til å oppdatere og endre dei. Ved vesentlege endringar vil vi varsle deg på www.e-boks.no.

Versjon 3.2 10/2023