Kom i gang med e-Boks
Det er gratis å registrera seg i e-Boks, og det tek berre eit minutt. Bruk BankID, og registrer deg i dag.
Har du ikkje BankID? Du kan likevel bruke e-Boks til å motta offentleg post viss du loggar på via ID-porten ved hjelp av MinID, BuyPass eller Commfides.
Sei hei til eit enklare liv. Meld deg på e-Boks, og last ned e-Boks-appen på App Store eller Google Play.
4 ting du treng å vita om e-Boks
-
Les posten din over alt
Du kan få tilgang til posten din når som helst og kvar som helst. Posten din er tilgjengeleg på mobiltelefonen, på nettbrettet eller på nettet.
-
Følgjer deg heile livet
e-Boks er knytt til fødselsnummeret ditt og følgjer deg heile livet – også når du flyttar eller byter e-postadresse.
-
Det er gratis å bruke e-Boks
Som postmottakar kan du bruka e-Boks gratis. Selskapa du mottek post frå, betalar for å senda deg brev og annan informasjon. Du får beskjed når det kjem ny post, slik at du slepp å sjekka e-Boks kvar dag.
-
Det er trygt
Vi sørgjer for at personopplysningane dine er trygt lagra og godt verna, slik at du kan kjenna deg trygg. Hjå e-Boks har tryggleik høgaste prioritet, og vi tek alle forholdsreglar for å verne opplysningane dine.